På den nasjonale kartkonferansen, geomatikkdagane, nyleg nytta teamet vårt moglegheita til å la nokre brukarar teste GeoGPT. GeoGPT er ein språkmodell knytt til tenesta Geonorge. Her kan brukarar spørje GeoGPT om kva for data dei bør hente frå Geonorge for å få svar på det dei lurar på.
GeoGPT kan også hjelpe dei med å forstå dei kryptiske namna som enkelte datasett har, til dømes FKB og AR5. Arbeidet med GeoGPT starta i fjor med en studentgruppe som utarbeida en først såkalla «Proof of Concept» i samband med bacheloroppgåva frå Universitetet i Agder. No har ei ny studentgruppe teke over dette arbeidet.
Målet er å lage ein fungerande testversjon, og det er denne versjon nokre deltakarar på geomatikkdagane fekk teste.
Kunne du også tenke deg å vere med og teste? Eller har du innspel i korleis Geonorge kan bli betre? Bli gjerne med i brukarpanelet vårt ved å klikke her.